VI søker FOLK til Fotoshoot

Når: ei helg i 2020

Kven: eit sporty par, vennegjeng eller familie på tre-fem personar

Kva går det ut på: vi treng bilete med gjester i ulike settingar; på hytta, på fiske, på tur osb. Dei som blir med oss på shoot får bu gratis på hytta vår heile helga, og vi spanderar også ein middag med eigeprodusert svinekjøtt og eigendyrka potet. De må  ha med øvrig mat og drikke. Vi stiller med hytte, sengetøy, handkle, gass, ved, grillkol osb. 

Kor mykje fotografering blir det: det er vanskeleg å talfeste eit timetal, men til saman fire timar med rein fotografering er eit høveleg anslag. Vi vil gjerne ha dykk med på ein tur, og då tek jo det tid i tillegg til fotograferinga sjølvsagt. 

Kva blir fotografert: vi ynskjer bilete frå koselege situasjonar rundt hytta, fjøsstell, fiske og tur. Kanskje har de nokre idear sjølv også? Vi treng ikkje nærbilete av ungar og andlet, om de ikkje ynskjer det. 

Interessert: send oss ei melding via vårt kontaktskjema (skroll til nederst på sida). 

  • Black Facebook Icon
  • Black Twitter Icon
  • Black Instagram Icon

© 2018 Ellingbø Gard. Proudly created with Wix.com